Om lån

Lånekort
- Det er gratis å få lånekort, men du må vise legitimasjon
- Før 1. klasse må låna registrerast på ein føresett
- Frå 1. til 8. klasse må du ha godkjenning av ein føresett for å få lånekort
- Du er ansvarleg for det som blir lånt på kortet ditt og er erstatningspliktig dersom det ikkje blir levert attende
- Mistar du kortet, kostar eit nytt lånekort 30 kr
- Meld frå til oss om endra adresse/telefonnummer
- Ta alltid lånekortet med til biblioteket
- Frå du er 15 år kan du få Nasjonalt lånekort som kan brukast på dei fleste bibliotek i Noreg

Lånefristar
- Bøker, tidsskrift. lydbøker og musikk: Fire veker
- Filmar og CD-rom: Ei veke
- Språkkurs: Seks veker
- Delar av samlingane er ikkje til utlån eller kan ha annan lånefrist

Reservering
- Utlånt materiale kan reserverast. Dette kan du sjølv gjere ved å logge inn på Dine sider på nettsida vår, eller me kan gjera det for deg.
- Du får beskjed via sms, e-post eller telefon når materialet har kome inn og kan hentast
- Hentefrist er ei veke

Fjernlån
- Treng du materiale som ikkje finst i biblioteket vårt, kan me oftast skaffe det frå andre bibliotek. Ta kontakt så hjelper me deg med dette

Fornying

- Lån kan fornyast dersom ingen ventar på det du har lånt, eller du ikkje alt har fornya to gonger. Dette kan du sjølv gjera ved å logge deg inn på Dine sider via nettsida vår, eller ta kontakt med oss så gjer me det for deg

Purring
- Dersom du ikkje leverer i rett tid, blir det sendt purring
1. purring kr 20
2. purring kr 40
3. purring, erstatningskrav + kr 60
- Purringar blir sendt heim til registrert adresse, unntatt for elevar på ungdomsskulen og vidaregåande. Desse blir levert på skulene

Ansvar
- Biblioteket er ikkje ansvarleg for skader som kan oppstå på personleg avspelingsutstyr
- Ved brot på lånereglementet kan du miste låneretten

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *


3 + 9 =

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>