Gol bibliotek er skulebibliotek for Gol ungdomsskule og Gol vidaregåande skule, og folkebibliotek for Gol kommune.
Biblioteket har bøker, aviser, tidsskrift, lydbøker, CD-plater, dataspel og filmar til utlån, og låner inn frå andre bibliotek det me ikkje har sjølve. I tillegg har me avisklypp-arkiv og ei samling med lokal litteratur.
PC og Internett i biblioteket
- Det er gratis å låne ein av dei fire stasjonære pc’ane i biblioteket
- Du kan også ta med eigen pc til biblioteket og kople til vårt gjestenett
- Utskrift og kopiering kostar kr 2,- pr. ark for svart/kvitt og kr 5,- med farge.
For å finne fram til oss kan du følgje skilting frå sentrumsvegen, vis-à-vis Gol bakeri/Kremmartunet. Hovudinngangen til biblioteket finn du i bygg til høgre for inngang til Gol samfunnshus, mellom Gol ungdomsskule og Gol vidaregåande skule.






