Dataspel i biblioteket
juni 21, 2012 in Nytt
Norsk kulturråd vel kvart år ut ein del bøker som alle bibliotek i Noreg får tilsendt gratis, det som blir kalla innkjøpsordninga for bøker. No har Kulturdepartementet bestemt at ei slik ordning også skal gjelde norskutvikla dataspel, og det er Norsk Filminstitutt som skal administrere ordninga. Me har derfor no dataspel både til pc og Nintendo DS til utlån, og lånetida for desse er som for filmar, ei veke.








