Biblioteket er stengt torsdag 17. mai, men me har vanleg opningstid fredag 18. (kl. 10-15) og laurdag 19. mai (kl. 10-14). I pinsehelga har me stengt laurdag 26. og måndag 28. mai.
Hallinga på prærien
I Gol bibliotek kan du no sjå utstillinga “Hallinga på prærien” med bilete som golingen Syver O. Olstad tok i Amerika på begynnelsen av 1900-talet. Samlinga er eigd av Ål bygdearkiv, og utstillinga har dei laga i samarbeid med Hallingdal museum. Ho er tidlegare vist på muséet på Nesbyen og blir no sendt rundt for visning i dei andre kommunane i Hallingdal. Det er også meininga at bileta skal visast for Hallinglaget i Amerika.

I forbindelse med denne utstillinga, har me funne fram bøker og anna materiale om utvandringa til Amerika. Me har både fagstoff som fortel om aktuelle hendingar og korleis det var, og skjønnlitteratur som beskriv korleis det kanskje kunne opplevast for dei som reiste. Kom innom og sjå utstillinga og lån med deg lesestoff om denne viktige tida i norsk historie.
Nytt materiale i 2011/2012
* Lydbøker for barn og ungdom frå 2011 og 2012
* Lydbøker for vaksne frå 2011 og 2012
* Biletbøker
* Filmar for barn og vaksne
* Musikk
* Skjønnlitteratur for vaksne
* Faglitteratur for vaksne
* Skjønnlitteratur for barn og ungdom
* Faglitteratur for barn og ungdom
Statistikk 2011
Aktiviteten i biblioteket vårt var stor også i 2011. Utlånet heldt nesten same rekordnivå som i 2010, med rundt 38500 utlån. Samanlikna med 2009 og tidlegare år er det ein oppgang på 10%. Og det mest gledelege er at utlånet av bøker til barn og ungdom auka markant også i 2011, med ein oppgang på nær 10% frå 2010. Utlån av skjønnlitteratur til vaksne og tidsskrift var på omtrent same nivå som i 2010, mens utlån av film auka. I tillegg har me hatt mykje fjernlån både til og frå andre bibliotek og institusjonar.Talet på aktive lånarar var i 2011 heile 1.450 personar, inkludert lånarar med annan bustadskommune som enten besøkjer, arbeider eller studerer i Gol.
Me vil prøve å gjera vårt til at den gode lånetrenden held fram, og tek gjerne imot forslag til bøker og andre media det er ønskeleg at me kjøper inn eller får tak i via fjernlån.
Velkomen til eit nytt aktivt leseår!
Ny nettstad om ungdomsbøker
ungdomsbøker.no er ein ny nettstad for ungdom der ein kan lesa om bøker, forfattarar, diskutere bøker, sjå boktrailerar og mykje anna. Bokomtalene er inndelt i kategoriar som Spenning, Fakta, Fantasy osv., og det er ein eigen kategori med omtale av nye bøker. Ein kan også sjølv kome med forslag til tema for bøker, og dersom ein registrerer seg er det moglegheit for å vinne bokpakke. Sjekk ut sida ved å klikke på linken nedanfor.
Digikort
Me har eit godt utval lydbøker i det nye formatet digikort både for vaksne, ungdom og barn. For å høyre på desse lydbøkene, treng du ein digispelar, og me har også slike til utlån. Digispelaren er liten og hendig og lett å bruke.
For å sjå utvalet av digikort-lydbøker kan du søke på ”digikort” i samlinga.





